Personvern

Behandling av personopplysningar

Opplysningar som blir samla inn i samband med drift av nettstaden, blir lagra på eigne serverar som blir drifta av leverandøren. Det er berre Arbeidstilsynet og Bouvet som har tilgang til desse opplysningane. Ein eigen databehandlaravtale mellom Arbeidstilsynet og Bouvet regulerer kva for informasjon leverandøren har tilgang til, og korleis denne informasjonen skal behandlast.

Vi samlar inn avidentifiserte opplysningar om dei som besøker arbeidsmiljøportalen.no. Formålet er å utarbeide statistikk som vi bruker til å forbetre og utvikle vidare informasjonstilbodet vårt på nettstaden. Statistikken gir for eksempel svar på kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva for nettstader brukarane kjem frå, og kva for nettlesarar dei bruker.

Opplysningane behandlar vi i avidentifisert og aggregert form. At dei blir behandla i avidentifisert form, betyr at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn, tilbake til den enkelte brukaren. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa blir avidentifisert, slik at berre dei tre første gruppene i adressa blir brukte til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, bruker vi berre 195.159.103.xx. I tillegg blir IP-adressene behandla på aggregert nivå, det vil seie at alle data blir slått saman til éi gruppe og dermed ikkje behandla individuelt. Vi bruker analyseverktøyet Siteimprove på nettstaden vår.

For å hente inn tilbakemeldingar frå brukarane våre, bruker vi tilbakemeldingsverktøyet Task Analytics. Vi bruker tilbakemeldingane til intern statistikk og for å betre nettstaden. Du avgjer sjølv om du vil delta eller ikkje, og valet ditt påverkar ikkje funksjonaliteten på nettstaden.

Behandlingsgrunnlaget for generering av statistikk og bruk av informasjonskapslar er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å ta vare på ei rettkommen interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet til den enkelte. Den rettkomne interessa er å forbetre og utvikle vidare informasjonen på nettsidene våre.

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir lagra på datamaskina di når du lastar ned ei nettside.

Lagring av opplysningar og behandling av dei er ikkje tillate med mindre brukaren både har blitt informert om og gitt samtykke til behandlinga. Brukaren skal få vite om og godkjenne kva for opplysningar som blir behandla, kva formålet med behandlinga er, og kven som behandlar opplysningane, jf. ekomloven § 2-7b

Vi bruker desse informasjonskapslane på arbeidsmiljøportalen.no:

AWSALBCORS

Kapselen blir brukt av AWS (Amazon Web Services) og sørger for at brukaren kommuniserer med den same serveren gjennom heile sesjonen.

Domene: [kontoID].global.siteimproveanalytics.io
Type: Cookie
Lagringstid: 7 dagar
Eigar: Arbeidstilsynet
Kategori: Statistikkformål

ASP.NET_SessionId

Kapselen blir brukt til å identifisere at alle rørslene ein brukar gjer, kjem frå éi eining. Kapselen inneheld ingen personleg informasjon og blir sletta når du forlèt nettsida.

Domene: www.arbeidsmiljoportalen.no
Type: Cookie
Lagringstid: Til du lukker nettlesaren
Eigar: Arbeidstilsynet
Kategori: Statistikkformål

AWSALB

Kapselen blir brukt av AWS (Amazon Web Services) til å balansere nettstadtrafikken over fleire serverar.

Domene: [kontoID].global.siteimproveanalytics.io
Type: Cookie
Lagringstid: 7 dagar
Eigar: SiteImprove
Kategori: Statistikkformål

nmstat

Kapselen blir brukt til å identifisere besøkande til statistikkformål.

Domene: www.arbeidsmiljoportalen.no
Type: Cookie
Lagringstid: 1000 dagar
Eigar: SiteImprove
Kategori: Statistikkformål

Behandlingsgrunnlaget for generering av statistikk og bruk av informasjonskapslar er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å vareta ei rettkommen interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet til den enkelte. Den rettkomne interessa er å forbetre og utvikle vidare informasjonen på nettsidene våre. 

Vi brukar videoavspillertjenesten Vimeo på Arbeidsmiljøportalen.

Vimeo samlar inn data når du spelar av en video. Desse dataene vert nytta til å finne ut kven som spelar av videoane og hvor lenge dei ser på dei. Les meir om Vimeo og personopplysningar.